FUTURE NOSTALGIA
Er du klar for å roe ned litt? Berre lena deg tilbake og bli møtt av ein enormt deilig og varm vegg av lyd?
Future Nostalgia har akkurat det du treng. Med klangfull synth, fuzzete gitar og sval vokal frå Tiril Hognestad er det klart for atter ein reise inn i shoegaze og draumepopens verden.
Bandet tek blant anna stor inspirasjon frå legendane i Slowdive, så her veit du at du får noko rått servert.
Future Nostalgia slapp plata MELLOW i November i fjor. Dette er den andre i rekka. MELLOW befinn seg framleis i det svevande og draumande – men denne gongen pregast lydlandskapet av noko mørkare og meir dynamisk, med ein tyngre og underliggande tematikk.
Kom og nyt noko av det beste Norge har å by på av shoegaze og draumepop og ta deg ein burger og noko lesk, så køyrer me på.
GRATIS INNGANG
